Framsida

Siste sjanse – framleis nokre billettar igjen

Framleis er det nokre billettar igjen til siste helga, fredag 26. juni og laurdag 27. juni. Dette er siste sjanse til å få med seg årets revy. Det blir ingen ekstraforestilling i år.

God kritikk til revyen i Bladet Sunnhordland onsdag 10.06

.

Kritikk Bladet Sunnhordland

.

God kritikk i Bømlo-nytt, men….

Me fekk stort sett god kritikk i Bømlo-nytt tirsdag 09.06. Blant anna så skriv journalisten: «Ikkje langt mellom høgdepunkta».

Men det som journalisten skriv på slutten av anmeldinga kunne me vore forutan.

Bømlo Revylag må sjølvsagt godta at ikkje alt me gjer fell i smak hos alle. Humor er allsidig. Men her bommar journalisten grovt når han seier me mobbar ein privat person. Dette vil me ikkje ha på oss!

Det er nemleg stor forskjell på parodi og rollefigur. Når me parodierer så spelar me den personen slik me gjer i revyen med ordførarar, bloggaren Sofie Elise og Siv Jensen.

Når me lagar og spelar rollefiguarar derimot, gjer me noko heilt anna. Då finn me særtrekk som kan bygge opp og forsterke den karakteren me vil skapa.  Til dømes foreningskvinna,- som får sagt uhorveleg mykje på kort tid. Rappkjefta som få. – Eller  bremnesingen,- som har sitt «spesielle» og til tider kontroversielle syn på dei lenger sør i kommunen. Ein har og smalabonden,- som er noko grov og prega av eit liv i fjosen, vaskedamo osv….

At journalisten og enkelte i salen synes desse rollefigurane liknar på personar på Bømlo kan hende,- dei kan nok ha trekk og minne om fleire…., men det betyr jo aldeles ikkje at det ER desse personane!

Lyst å vurdere dette sjølv? Ta turen på «Skråblikk og små stikk» 🙂

.

20 nye billettar til laurdag 13.6 lagt ut på Joker Finnås

I skrivande stund (mandag 8.6) er det framleis ledige billettar til kommande revyhelg. Til fredag 12.6 var det ledige nokre få på Playcom, og til laurdag 13.6 vart det mandag morgon lagt ut 20 nye billettar på Joker Finnås. Det var også igjen nokre få ledige til laurdag 13.6 på Playcom. Men om du har tenkt deg på revy til helga og ikkje har billett bør du nok vera snar på avtrekkaren. Også til helga etter, 19.6 og 20.6 er det lite billettar igjen. Laurdag 20.6 er utseld (??), men det er nokre få igjen til fredag 19.6.

Premieren vart ein suksess

sydendamene Sydendamene. Foto: Truls Horvei

Så er premieren av årets sommar-revy over. Det vart ein kjekk kveld med stor stemning både i salen og på scenen. No når premierenervene har lagt seg, så vil forestillinga berre bli betre og betre, og ein kan gle seg til mange kjekke kvelder på Kulleseidkanalen Gjestehamn.

Laurdag 6. juni er utseld

Ingen fleire billettar til denne forestillinga. Fleire andre forestillingar er også så godt som utselde.

Bømlo Revylag reportasje i Haugesunds Avis

Fredag 5. juni var Bømlo Revylag presentert over to sider i Haugesunds Avis. I tillegg var det ein liten filmsnutt. Her er link til reportasjen.

Framleis nokre få ledige billettar til første helga

Første helga er no nesten utseld, men ikkje heilt…. Det er enno nokre ledige billettar bade til premieren, og til laurdag 6. juni.  Billettar kan kjøpast på Playcom og Joker Finnås. NB! Sjølv om det er utseld ein av plassane kan det vera ledig den andre plassen….og i tillegg kan det bli frigitt billettar seinare. Så mist ikkje motet….(Dersom alt blir utseld kan det vera lurt å setta seg opp på venteliste.) Meir info på billettsida.

Mens me ventar på årets revy…

Her er monologen «Sterilisert» frå «Sommarshow 2012»

Sterilisert Trykk her for å sjå den på YouTube 

.

Billettsalget går godt

BillettBillettsalget går bra til sommaren sin store happening. Mange bedrifter har vist interesse, og om alle desse slår inn så kan det fort bli trangt om plassen til ulike forestillingar. Ver derfor rask om du ynskjer å sikra deg billett til ein spesiell dato.

Årets revy vil bli ein tradisjonell lokalrevy. Dette har Bømlo Revylag hatt stor suksess med tidligare. Tilbake på scenen er bl.a Marianne Grønnevik og Anette Solstrand, og me ser ikkje bort frå at tidligare kjente rollefiguarar dukkar opp igjen. Dette borgar for ein kjempekjekk revykveld du ikkje vil gå glipp av.

Slik ser billetten ut

For fleire opplysingar om billettar – gå til billettsida

.

.

.

Plakaten er klar.

Her er revyplakaten for 2015. Håper den fell i smak, og at ein forstår kva aktuell diskusjon som er tema…. Uansett – når billettsalget starter 11.05 så er det berre å kjøpa billet. Dette skal bli kjekt 🙂

.

Bømlo Revylag plakat

Ny sommarrevy 2015

Det blir ny sommarrevy med premiere 5. juni. Det blir ein heilt nyskriven revy etter mal frå storsuksessen «go’sos» i 2013. Tittelen er «Skråblikk og små stikk». Billettsalget starter ca 10. mai. Det blir 8 forestillingar, fredagar og laurdagar i juni. Og revyen blir sjølvsagt på Kulleseidkanalen Gjestehamn. I det nye grindabygget som inneheld scene og pub. Mat kan ein også kjøpa, og det må tingast på førehand hos Opplev Bømlo, post@opplevbomlo.no eller tlf 41 55 10 63. Er du interessert I ein sponsorpakke, så sjå sponsorsida. Er logoen fin?

Bømlo Revy logo

Les kva Bømlo-nytt skriv – trykk på bildet under:

Lovar stikkande

Så var det over for denne gongen….

.

annonse 030714   Logo scene

.

Klart for siste helg med «Crazy nights»

Nettslave

Så står me føre sista helga med sommarrevy. Det har vore ei flott reise med masse gode tilbakemeldingar og utruleg mange kjekke folk i salen. No blir det forestilling fredag og laurdag og så er det slutt. Ingen ekstraforestilling i år. Men fortvil ikkje, i skrivande stund (onsdag ettermiddag), er det enno omlag 25 ledige billettar til fredag 27.6. Så løp og kjøp og få med deg ein kjempekjekk kveld. (På bilde ser me «Nettslaven», med Rannveig, Hege og Hildegunn).

.

Suksess for Crazy nights

før i tie og no i tie

Me er snart halvveis i revyen «Crazy nights». Og det har igjen vore ein stor suksess for Bømlo Revylag. Tilbakemeldingane frå publikum er svært gode, og dei aller fleste er usamde med pressa som «kun» gav revyen terningkast 4… Dersom ein ynskjer å oppleva denne suksessen live, og ikkje har kjøpt billet, er det kun billettar igjen til fredag 27.juni. Til alle dei andre forestillingane er det no ventelister.  På bildet over ser ein tre litt eldre karer som set og drøser på ein benk i sketsjen «Før i tia og no i tia». (Gunnar Ersland, Per Arne Moldøen og Geir Ersland

Reportasje på TV Haugaland

TV Haugaland link

Tirsdag 3. juni var Bjørn Andre Widvey I TV Haugaland å intervjua oss om revyen, og dei filma og litt mens me øvde.  Reportasjen kan ein sjå ved å trykka på denne linken

6 av 8 forestillingar er stort sett utselde

Dette gjeld alle laurdagane, og fredag 6.6 og fredag 20.6…..men det er likevel håp.  Det hender at firma seier frå seg billettar, og storleiken på salen, kor mange det er plass til er heller ikkje satt 100%. Så det kan vera smart å sette seg opp på venteliste. Det beste er likevel å kjøpa billet på til ein av dei to fredagane som er ledige, då er ein heilt sikker. Og det blir IKKJE ekstraframsyning i år.

Laurdagane er stor sett utseld

Laurdag 7. juni er no utseld. Det samme er stort sett resten av laurdagane også. Men det kan vera slengbillettar på Joker eller Playcom (?). Og er det ikkje, så skriv deg på venteliste. Etter første helga, veit me heilt nøyaktig kor mange personar den nye revysalen tar.

Ekstra billettar

Den nye revysalen er litt større enn me trudde, og me vil derfor leggja ut 10 ekstra billettar til kvar forestlilling. Desse billettane blir lagt ut på Joker og Playcom i løpet av mandag 26.5.  Alle laurdagane er stort sett utselde, men no kjem det altså ekstra billettar.  3 av fredagane er også per i dag nesten utselde, men her er det litt fleire billettar igjen. Uansett, har du lyst å få med deg denne revyen, i heilt nytt lokale, så spring til næraste billettutsalg så snart som mogleg….. Sjå ellers meir info på billettsida.

premierebillett fake

.

Revysalen er nesten ferdig

Opplev Bømlo og Kulleseidkanalen Gjestehamn har gjort ein fantastisk jobb med å byggja den nye revysalen. Den blir heilt unik, og kjem til å gje alle som er der ei stor oppleving. Som ein kan sjå av bilde så er den bygd som eit grindabygg, i gammal, god byggjeskikk. Materialet er henta frå garden huset står på, og som ein kan sjå, det er solide saker. Scenen i front er stor og romsleg, og vil gje aktørane mykje spelerom.  No er det berre til å gleda seg. (Båten på bilde skal heisast opp i taket, og skal fungere som lysekrona)

Revysalwn

Stort billettsal

Det er stor interesses for sommarrevyen «Crazy nights».  Det er nok kombinasjonen av gode opplevingar dei siste åra, og at Opplev Bømlo no byggjer eit nytt fantastisk kulturbygg på Kulleseidkanalen Gjestehamn. Det blir svært spanande å sjå korleis det blir med revy i det nye Grindabygget.  Opplev Bømlo har også oppgradert toalettanlegget, og bygdt ein heilt ny restaurant i det gamle handelshuset. Dette er det mange som vil sjå og oppleva.

Matserveringa blir også på eit heilt anna nivå enn tidligare. Ein kan velja om ein vil kjøpa meny i Grindabygget, eller i den nye restauranten «Krambusalongen».  Mange firma har til no bestilt mat før revyen, og dette kan alle gjera, ikkje berre firma. Menybillettar og revybillettar er til salgs hos Joker Finnås og Playcom sams senter. Kva menyane er, kan ein sjå på billettsida.

Her er annonsa som no star i avisene. Kjøp billett før det er utseldt, og få med deg ei unik sommaroppleving.

Annonse 130514

«Crazy nights» får mykje omtale

Dette er årets plakatbilde:

Kyrkjebenkane er no overalt, og ikkje alle er like glade for det....

Kyrkjebenkane er no overalt, og ikkje alle er like glade for det….

Les omtale i Bladet Sunnhordland frå tirsdag 22. april. Trykk her.

«Crazy nights» er tittelen på revyshowet i år

Crazy night logo_svart

Så er både tittel og logo klart for sommarens revyshow.  «Crazy nights» føl opp ein namnetradisjon Bømlo Revylag har hatt med «Sommargalen iRøyksundkanalen» og «So gale at da gaula».

Det blir i år som i fjor 8 forestillingar i juni, det vil sei kvar fredag og laurdag i juni.  I år kjem det til å vera mange spanande namn på scenen og under er dei lista opp (med kva forestilling dei deltek på i parantes):

  • Finn M. Daynes (Alle)
  • Per Arne Moldøen (Alle)
  • Gunnar Ersland (Alle)
  • Geir Ersland (Alle)
  • Geir Sørenes (Alle)
  • Geir Bjarte Hatlevik (1-2)
  • Hildegunn Stautland (Alle)
  • Rannveig Steinsbø (Alle)
  • Hege Habbestad (Alle)
  • Rebekka Gåsland Håvik (Alle)
  • Åge Stokken (3-8)

I tillegg får me med eit fantastisk orkester: Frode Sæverud (keyboards), Hans Olav Molde (Bass), Rolf Martin Haldorsen (Gitar) og Knut Erik Gilje (Trommer)

Sjå ellers kva pressen skriv:  Bømlo-nytt – trykk her.  Haugesunds-Avis trykk her.

Meir info kjem snart….

Ich bin ein Bømling

«Ich bin ein Bømling» heiter You-tube bidraget frå Bømlo Revylag vedrørande Bømlo Kommune sitt 50-års jubileum. Trykk på bildet for å se innslaget på YouTube.

Ich bin ein bømling

.

.

gosos_w_512 Trykk her for å sjå alt om revysuksessen «go’ sos»

.

.

Haugesunds Avis kårer go’ sos til «sommerens morsomste revy»

I ein artikkel I Haugesunds Avis fredag 21.6 kårer Truls Horvei go’ sos til den beste. Han skriv blant anna: «I år har jeg fått med meg tre revyer I Sunnhordland. Utvilsomt er det Bømlo Revylag «go’ sos» som er best og morsomt av de tre. Gode, gjennomarbeidete tekster kombinert med vittige skuespillere er krutt. Suksessen skyldes vilje og overskudd til å lage en fin revy.»

Best i revytest

17. februar 2013 – Stor suksess for 100-års jubileet til Lykling kyrkje

Bømlo Revylag var inviterte til å vera med på 100-års jubileet til Lykling Kyrkje. Det vart ein stor suksess. Heile feiringa på Bømlo Folkehøgskule hadde ei flott ramme, med rundt 300 personar i salen, med tidligare biskop Hagesæter, og noverande og tidligare prostar og prestar i spissen.  Programmet innehaldt både korsong og taler, og altså ein liten minirevy med Bømlo Revylag. Me må gje ros til soknerådet for å ha mot til å invitera eit revylag til ei slik markering, og dette viser at kyrkja har heva taket mange hakk, og framstår som ei stor og inkluderande kyrkje.

Bømlo Revylag dreiv altså «gjøn» med kyrkja, innhald og geistlege, til stor lått og applaus i salen, noko som må vera grensesprengjande ikkje berre på Bømlo, men i heile Norge. Jo, det er gått nokre 10-år sidan det vart storm i Norge når KLM hadde sine første prestesketsjar, men det er likevel langt til at kyrkja sjølv inviterer til å ha moro på sin eigen kostnad.  Bømlo Revylag set igjen med berre gode vibber etter denne hendinga, og både håpar og trur at kyrkja og soknerådet gjer det samme.  Berre synd at pressa ikkje såg kva hending dette var, og kunne formidla dette til alle som ikkje var til stades.

31. mai – Revyen «Fyrrige kvende og friborne menn» på Dahlaneset Moster.

Dette er i samband med 30-års markeringa til Mostraspelet.  Revyen vil innehalda nytt stoff og utvalgt gammalt stoff, tilpassa tid og stad. Dei som blir med på denne revyen er Finn Michael Daynes, Gunnar Ersland, Marianne Grønnevik, Anette Solstrand, Kurt Inge Larsen og Aina Størksen.  Det blir ein heilkveld med revy, allsong og dans. Aina er trubaduren for kvelden.

Billettar kan kjøpast her. NB! Det er begrensa plass og kun ein forestilling, så her må ein vera raskt ute.

Friborne menn

.

——

7. juni – Revypremiere på ny sommarrevy på Kulleseidkanalen Gjestehamn.

Det vil komma masse informasjon om denne revyen framover. Me kan lova ein spanande og nyskriven revy, med erfarne folk på scenen. Dette kjem til å bli minst like bra som tidligare, i dei mest maritime og spesielle lokala i Sunnhordland. Gled dykk 🙂

———————————————————————————————————————————————————–

Les alt om sommarshowet 2012 her

_________________________________________

DVD utan underbukse?

Trykk her for å lesa artikkelen i Sunnhordland.no

Lått & Lealaust – i eit sjarmerande sommarnaust var namnet på revyen til Bømlo Revylag i 2011. Les alt om revyen her.

—————————————————————————————————-

“So gale at da gaula” var namnet på sommarrevyen til Bømlo Revylag i 2010

Reklamer
Kommentarer er skrudd av for Framsida