Go sos

eventyret over

Innslag på TV Haugaland

Trykk her og sjå innslaget som vart sendt på TV Haugaland tirsdag 25.06.13

Revysuksess ved kanalen

Haugesunds Avis kårer go’ sos til «sommerens morsomste revy»

I ein artikkel I Haugesunds Avis fredag 21.6 kårer Truls Horvei go’ sos til den beste. Han skriv blant anna: «I år har jeg fått med meg tre revyer I Sunnhordland. Utvilsomt er det Bømlo Revylag «go’ sos» som er best og morsomt av de tre. Gode, gjennomarbeidete tekster kombinert med vittige skuespillere er krutt. Suksessen skyldes vilje og overskudd til å lage en fin revy.»

Best i revytest

Snart ikkje fleire billettar att

Det er no kun billettar igjen til dei to siste forestillingane som er fredag 28.6 og laurdag 29.6. Men også her minkar det. Ver derfor rask om du ynskjer å få med deg denne kritikerroste forestillinga, og ellers ein strålande kveld på Kulleseidkanalen Gjestehamn.

Strålande kritikker

Ja, då er premierehelga over og me kan sjå tilbake på to forestillingar med høg stemning. Også avisene har vore svært positive, og Haugesund Avis gav revyen terningkast 5 🙂

Her er oversikriftene frå nettavisene til Haugesunds Avis og Bladet Sunnhordland. (Dessverre må ein vera registrert brukar for å kunna lesa artiklane på net).

Kritikk - HA               Kritikk - BSu

Snart premiere på go’ sos

Ja, då er revyen på Moster over, og fokuset kan rettast mot sommar-revyen på Kulleseidkanalen Gjestehamn.  Sju av nummera me skal ha på go’ sos vart prøvde på Moster, og tilbakemeldinga var god. Det gjer oss trygge på at me har eit bra materiale også i år.  Dersom du vil ha med deg ei kjekk sommaroppleving så må du få med deg dette. Fleire av forestillingane er utselde, så kjøp billetter mens det framleis er ledige. NB! Det blir ingen ekstra forestillinger i år.

Sjå reklame for sommarrevyen Go’ sos (trykk på bilde)

YouTube reklame

gosos_b_512

.

«Go’ sos» vart namnet på årets sommarrevy!

Bømlo Revylag inviterte alle til å komma med forslag til kva sommar-revyen 2013 skulle ha som tittel. Og responsen var kjempestor, neste 100 forslag kom inn. Til slutt var det Helene Tollaksvik sitt forslag «Go sos» som Bømlo Revylag likte best. Ho fekk dermed velja mellom ein ridetur på eselet til Svein Trygve, ein date med ein av revydeltakarane, eller 2 billetter inklusiv mat til ei av forestillingane. Merkeleg nok så valgte ho det siste. NB! Premien vart seinare utvida til 3 billetter etter Helene sin kommentar på facebook om at revybillettane var meir verdt enn billettar til Lady Gaga…..

Revyen har premiere fredag 7. juni, og vil bli spelt kvar fredag og laurdag ut juni på Kulleseidkanalen Gjestehamn.  Meir info – trykk her. Gled dykk 🙂

7. juni – Revypremiere på ny sommarrevy på Kulleseidkanalen Gjestehamn.

Det vil komma masse informasjon om denne revyen framover. Me kan lova ein spanande og nyskriven revy, med erfarne folk på scenen. Dette kjem til å bli minst like bra som tidligare, i dei mest maritime og spesielle lokala i Sunnhordland. Gled dykk 🙂

———————————————————————————————————————————————————–

.

Me pyntar opp på Stord Amfi 🙂

plakat på Stord Amfi

.

.

.

.

.

.

.

..

.

.

.

.

.

Last ned go’ sos appen….

Bømlo Revylag har fått laga ein eigen app for sommarrevyen go’sos. Last den ned her – eller bruk Qr-coden under.

Revy app

.

Det blir plenty med sexSex selger fortsatt….

Denne artikkelen på nettavisa til Haugesunds Avis vart lest av over 5000 den dagen den vart lagt ut. Me er vel ikkje heilt samd i vinklinga til Haugesunds Avis. Me satsar på å laga ein flott revy utan for mykje underbukse humor. Men det kjem heilt sikkert til å bli element også av dette, det ser me ikkje bort i frå.  Du kan lesa artikkelen ved å trykka på bildet, og då får du kanskje eit meir nyansert bilde av artikkelen.

..

.

.

Her er dei som er på scenen i årets revy

strimla_1024 Gunnar, Anette, Finn, Per Arne, Marianne og Kurti

.

«go’ sos» vart namnet på årets sommarrevy!

Bømlo Revylag inviterte alle til å komma med forslag til kva sommar-revyen 2013 skulle ha som tittel. Og responsen var kjempestor, neste 100 forslag kom inn. Til slutt var det Helene Tollaksvik sitt forslag «Go sos» som Bømlo Revylag likte best. Ho fekk dermed velja mellom ein ridetur på eselet til Svein Trygve, ein date med ein av revydeltakarane, eller 2 billetter inklusiv mat til ei av forestillingane. Merkeleg nok så valgte ho det siste. NB! Premien vart seinare utvida til 3 billetter etter Helene sin kommentar på facebook om at revybillettane var meir verdt enn billettar til Lady Gaga…..

Revyen har premiere fredag 7. juni, og vil bli spelt kvar fredag og laurdag ut juni på Kulleseidkanalen Gjestehamn.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: