Lått & Lealaust

.

”Lått & Lealaust – i eit sjarmerande sommarnaust” kjem no ut på DVD

Foto: Henrik Mundal Andreassen

Det er no gått nokre månader sidan revyen ”Lått & Lealaust – i eit sjarmerande sommarnaust”  på Kulleseidkanalen Gjestehamn. Det vart i alt sju forestillingar med stor stemning i salen. Revyen hadde i utgongspunktet 22 revynummer, og spennvidda i desse var stor, frå steinalderfolk, via kunstnarane Sand, Auli og Nerdrum til parodi på tidligare redaktør i Bømlo-nytt.      

 Presse var svært positive til forestillinga med trekte ned for mykje underbuksehumor. Det har revylaget tatt omsyn til, og tre nummer er derfor fjerna frå DVD-en. Men alt det beste er med, og dette blir derfor ein flott sjanse til å få med seg denne revyen, enten ein ikkje fekk sjå det, eller ein ynskjer å sjå det ein gong til.

Kvaliteten på DVD-en er betre enn nokon gong. Ein har tidligare hatt dårleg lyd, men denne gongen er lyden tappa frå mixebordet, og saman med film frå to kamera gjer dette eit proft produkt.

Så her er løysinga for dei som har alt. DVD-en er i handelen frå 20.november, akkurat tidsnok til å nå julahandelen. DVD-en vil bli seldt på Playcom, Sams senter, og på Joker Finnås. Du kan også bestilla DVD-en ved å senda ein mail til kurti@bomlorevylag.com. DVD-en kostar 150 kr, og i tillegg vil det komma porto om DVD-en må sendast.

Takk

Ja, så var det over for denne gong. Siste forestilling 25.06 vart eit flott punktum for ein flott sommaroppleving. Me i Bømlo Revylag er strålande nøgde med årets revy, der me har hausta mykje god feedback frå eit flott publikum.  Det har vore hektisk og kjekt, og alle involverte vil nok savna miljøet og samhaldet framover.  Bømlo Revylag vil gjerne takke alle involverte.  Takk til sponsorar, støttespelarar, staben på Kulleseidkanaken Gjestehamn og ikkje minst eit fantastisk publikum, for 7 kjempekjekke revykveldar.

God sommar frå oss 🙂

.

Aller siste sjanse

Det er no definitivt avgjort at siste sjanse til å sjå den suksessfulle revyen «Lått & Lealaust – i eit sjarmerande sommarnaust» blir laurdag 25.6. På grunn av jobb og ferie for dei involverte er dette siste mulighet til å få med seg den unike revystemningen i Kulleseidkanalen Gjestehamn.  Kjøp derfor billett no, og forleng livet med ein god latter…. NB! Det blir ingen matservering til denne forestillingen.

Er du i tvil om du skal gå? Sjå masse bilder frå revyen her.

 

Flotte tilbakemeldingar på Facebook

6 forestillingar er no ferdige, og kun ein gjenstår. Det er blitt mange kjekke tilbakemeldingar på facebook – og under er gjengitt nokre av dei mange kommentarane:

  • – Va MAGISK
  • – Ein fantastiske revy
  • – Skjønner dere er slitne.. men det var helt fantastisk.. 🙂
  • – Kjempebra på premieren:), dåke fekk oss i god stemning og lattermusklane fekk brynt seg, lykke te med dei andre forestillingane
  • –  Ja kjekt var det – noko alle bømlingar bør få med seg ….. (Inge Reidar Kallevåg)

.

Ekstraforestilling 25. juni

Bømlo Revylag har bestemt seg for å setta opp ein ekstraforestilling laurdag 25. juni. Grunnen er sjølvsagt den gode mottakinga revyen har fått, og stor etterspørsel etter billettar. I skrivane strund er det kun nokre få ledige billettar til fredag 17. juni, medan laurdag 18. juni har vore utseld i fleire veker.  No blir det altså ein ekstrasjanse til å få med seg årets sommarrevy. Men ein bør ikkje nøla lenge, for 140 billettar kan gå fort om intreressa er stor. Billettane er som vanleg til salgs på Playcom Sams Senter og Joker Finnås.

Bømlo Revylag på TV Haugaland

28. mai var Bømlo Revylag gjest i Frokost-TV på TV Haugaland. Her er linken til innslaget. Vårt innslag er rundt 26 minutt ut i sendinga.  Sjå innslaget her.

Terningkast 4

Ja, då har både Haugesunds Avis, Bladet Sunnhordland og Bømlo-nytt gitt sin dom over årets revy.  Haugesunds Avis syntes det var kjekt, men at revyen hadde overdose av sexrelatert stoff.  Dei ramsar opp mange nummer som gode, men har også eit par på minussida.  Dei etterlyser strammare regi, og meinar at to-tre nummer skulle vore utelatt.  Ellers er dette «god sos» og terningkast 4.

Bladet Sunnhordland har stort bilde på framsida med tittelen «Vel verdt å sjå».  Anmeldelsen er mykje lik den i Haugesunds Avis, der ein trekker fram at «Det enkle ofte er det løgnaste», og siktar til det gamle ekteparet i sketsjen «Kom no, Laika».  Men det blir vist til mange gode nummer, og nemner spesielt nummeret med avtroppane redaktør i Bømlo-nytt, og dei to nye kokkane til «Marinaden»  Også Bladet Sunnhordland gjer terningkast fire.

Bømlo-nytt har revyen både på framsida og på to heile sider seinare.  Dei fortel like godt detaljert om mykje det som skjer i revyen, så har du tenkt å gå så bør du ikkje lesa dette…. Dei konkluderte med at det var mange gode revynummer, og at folk brølte av latter… Dei gjorde også eit nummer av at ordførar Inge Rediar Kallevåg delte ut rose og sa følgjande: «Eg har vore på både Fitjarrevyen, og Stordrevyen, men av desse tre var denne den beste».

Les meir om anmeldelsane på Pressesida

  Foto: Henrik Mundal Andreassen, Bladet Sunnhordland

 

Me er i gong

Premieren på «Lått & lealaust – i eit sjarmerande sommarnaust» er no unnagjort. Og det vart ein kjekk kveld med stor stemning i «teltet». Før på dagen kom brått sommarver og flott temperatur, og det lagde ei perfekt ramme for kvelden. Masse kjekke folk var i salen, og ordførar Inge Reidar Kallevåg delte ut roser til dei involverte. «Eg har vore både på Fitjarrevyen og Stordrevyen, men dette var den beste», sa han.  Det gjenstår å sjå om avisene er enige i den vurderinga.  Me vil leggja ut link til anmeldelsane så snart dei føreligg. Men for dei som vil sjå og vurdera sjølv, så er det enno nokre ledige billettar til kommande helg.

Transporttilbudet redusert

Då responsen på dette tilbudet har vore labert, har Bømlo Revylag bestemt å avlysa deler av dette tilbudet.  Det var i utgongspunktet gjort avtale med Bremnes Taxi om Maxitaxi t/r Bremnes\Rubbestadneset – Kulleseidkanalen.  Tirsdag 31. mai var det kun seldt 4 billetter fordelt på to kveldar, og Bømlo Revylag har dermed avlyst dette tilbodet.  Det vil no gå ein vanleg taxi laurdag 4. juni og det samme laurdag 11. juni. I skrivande stund er det 2 billettar ledige til kvar av desse turane på Playcom. Taxien startar ved brannstasjonen på Svortland kl. 18.30, via Bømlo Hotell 18.45 til Kulleseidkanalen. Returen er kl. 02.00. Dersom det ikkje er seldt billettar til nokon på Rubbestadneset, vil taxien gå direkte.

Bømlo Revylag på TV-Haugaland

Frokost-TV 28. mai vil ha eit innslag med Bømlo Revylag.  Der vil ein også få sjå klypp frå øvingane, og dermed eit lite innblikk i årets revy.  Som vanleg sender TV-haugaland Frokost-TV heile helga, så dette kan ein sjå «anytime». Me vil også leggja ut link til sendinga så snart det foreligg frå TV Haugaland.

Få billettar igjen – strålande ver i sikte…

Premieren 3. juni og siste forestilling 18. juni er no utseldt.  På dei andre forestillingane er der enno billettar å få kjøpt, men dette endrar seg frå time til time. Det er no meldt flott ver til premierehelga, så dei som vil ha med seg ei flott oppleving då, må snarast kjøpa billettar til laurdag 4. juni.  Me vil prøva å halda billettsida oppdatert kvar dag, så ta ein kikk der for siste oppdatering.  Denne artikkelen er skriven 26.05, og situasjonen endrar seg som kjent fort….også veret….   Sjå langtidsvarselet for Finnås her.

Billettsalget er i gong, og fleire framsyningar nesten utseldt

Mike, Gunnar, Anette og Kurti på camping

Billettsalget starta 6. mai, og opninga vart markert blant anna med stand på torgplassen på Svortland.  Der stilte revygruppa med den fantastiske rosa campingvogna som revymedlemmene har dekorert med farge og logoar.  Vogna er også innreda med mykje flott stasj, blant anna med prismekrona i taket…..Sidan billettsalget har vore ei stund til firma, er enkelte av framsyningane nesten utseldt.  Det hastar derfor om ein ymskjer å velja fritt i framsyningsdatoar.  Billettar kan ein kjøpa hos Joker Finnås og Playcom Sams Senter.  Dersom ein ikkje når desse utsalgsplassane må ein ta kontakt med Bømlo Revylag.  Les meir på billettsida

Mat og transport

I fjor under «So gale at da gaula» vart matserveringa til Jan Hustoft ein stor suksess.  Han greidde å trylla fram fantastisk mat frå grillen, og mange sette stor pris på dette.  Det er derfor kjekt å informera om at dette kan me tilby i år også.  Akkurat samme opplegg, med utruleg god mat frå grillen.  Et så mykje du vil for kun 275 kr.  Bestill dette samtidig med billett under førehandsbestilling (sjå under), eller kjøp dette saman med billetten når billettsalget startar rundt 1. mai.

Me kan i år også tilby transport tur/retur området Bremnes\Rubbestadneset til Kulleseidkanalen. Prisen for dette er 150 kr t/r. Då vil transporten ankomma gjestehamna ca. kl. 19.00 slik at ein rekke matservering, og vil returnera ca. kl. 02.00, når programmet er ferdig. Bestill dette samtidig med billett under førehandsbestilling (sjå under), eller kjøp dette saman med billetten når billettsalget startar rundt 1. mai.  NB! Siste frist for å kjøpa transport er 3 dagar før forestilling.

—————————————————————————————————————-

Ny revy til sommaren:

Lått & Lealaust – i eit sjarmerande sommarnaust

 Logoen til årets revy

Det blir ny sommarrevy frå Bømlo Revylag i 2011. Planane er no klare, og det blir kanonbra også i år.  Alle frå i fjor er med vidare, og i tillegg kjem Gunnar Ersland tilbake, etter ein liten pause. Musikarane er også dei samme, bortsett frå at Frode Kvandal overtar etter Bjørn Løkling på bass.

Til venstre ser ein den nye logoen vår, og den vil ein sjå igjen mykje utover våren på plakater og i aviser.  Namnet på revyen er akkurat slik me føler det: Lått og lealaust – i eit sjarmerande sommarnaust.  Dersom ein ikkje har opplevd den lune atmosfæren på Kulleseidkanalen Gjestehamn, så er det no på tide.  Ein unik plass, med scene mellom to naust, bokstavleg talt på bryggekanten.  Noko meir maritimt enn dette finn ein ikkje, og ein betre og meir intim plass for ein sommarrevy er vanskeleg å tenkja seg.

Følg med framover. Meir info om revyen vil me leggja ut på denne sida. Les også meir her.

Gunnar Ersland er tilbake på scenen

Gunnar Ersland er tilbake på revyscenen

Etter ein liten pause er Gunnar Ersland tilbake på scenen for Bømlo Revylag.  Han har vore med oss fleire gonger tidlegare, første gong i «Pittelitt Rongepådl» i 2005.  Han var også sentral i kulturhusrevyen «Bort i staur og veggje» i 2007.  Siste opptreden for oss hadde han i «Sommarvariete» i 2008.

Alle som har opplevd Gunnar på scenen veit at han er ein av dei løgnaste i Sunnhordland.  Han fyller lett scenen, og publikum pleier å elska dei ulike krumspringa hans.  I år gler han seg til å spela med Åge Stokken, ein anna av dei «store», lokale, revyartistane.

.

.

Anette og Marianne er klare til å laga ein saftig revy

«Lått og Lealaust –  i eit sjarmerande sommarnaust» vil bli spelt i Kulleseidkanalen Gjestehamn og har følgjande forestillingar

  • Fredag 3. juni 2011 (premiere)
  • Laurdag 4. juni
  • Fredag 10. juni
  • Laurdag 11. juni
  • Fredag 17. juni
  • Laurdag 18. juni

Det blir ein heilkveld med revy, allsong og dans. Musikken blir med Pallebandet.  Sjå billettsida for fleire detaljar.

NB! Aldersgrense 18 år.

Advertisements
Comments Off on Lått & Lealaust
%d bloggers like this: