Kulleseidkanalen Gjestehamn har ein unik scene I eit Grindabygg som er bygdt mellom dei to sjøhusa på bilde. Her er det ein heilt spesiell atmosfære i eit gammalt miljø. Sjøhuset til venstre er pub, og det store sjøhuset er restaurant og kjøken. I gamle dagar var her både butikk, bakeri, verkstad, og mykje anna spanande.
Kulleseidkanalen er ein fantastisk kanal som deler Bømlo i to, geografisk midt på øya. Det er lett å komme hertil både med bil og båt, og det er både gjestehamn og campingtilhøve.