Historikk

2001 – «Sommargalen i Røyksundkanalen»

Den første revyen til Bømlo Revylag. Eit spanande prosjekt og ein spanande plass. Røyksundkanalen var i midten av 80-tallet ei perle. No prøvde Frank Ole Olsen og Frode Urangsæter å få fart på plassen igjen.  Då me fekk tilbodet å gjera revy slo me til. Dei som var med på den første revyen var Finn Michael Daynes, Åge Stokken, Tina Granados og Kurt Inge Larsen. Musikarar var Frode Kvandal, Arvid Vika og Svein Inge Midttun.  Og det vart stor suksess. Masse flott kritikk og 10 forestillingar, midt på sommaren juli og august med masse båtturistar i salen.

2002 – «Sommargalen i Røyksundkanalen 2 – Galskapen held fram»

var ein naturleg forsetting etter suksessen i 2001. Teamet var stort sett det samme, men Tina Granados kunne ikkje vera med og vart erstatta av ei anna mostrajente, Monika Totland. På musikarsida vart banden utvida med ein person, Frode Sæverud på tangenter. Det vart nok ein gong stor suksess, med 9 forestillingar, og gode kritikkar. Du kan lesa meir om revyen i nettsidene som vart laga den gongen.

2003 – «Absolutt revy»

var ein samlerevy frå revyane i Røyksundkanalen. Den var på Bømmeløy Hotell, mars 2003. Sjølv om det var nokre nye nummer var det flest gamle nummer.  Det vart tre forestillingar til blanda kritikkar. Dei som var med var de samme som i 2002 – Finn, Åge, Kurti og Monika.  Også musikarane var dei samme.

.

.

2005 – «Pittelitt Rongepådl»

Ein ny revy i Bømlo Hotell februar 2005.  Og det vart ein stor suksess, 8 forestillingar med kjempegode kritikkar. For første gong nytta ein film i forestillingane, og opningsfilmen var ein flytur der flyet styrta i Bømlo Hotell. Med frå tidligare var Finn M. Daynes og Kurt I Larsen, medan nye aktørar var Lene Larsen (kjent frå tidligare Bømlorevyar) og Gunnar Ersland.  Særleg Gunnar gjorde furore, og Haugesunds Avis konkluderte: «Ei revystjerne er født».

.

2007 – «Bort i staur og veggje»

Denne revyen vart framført i Bømlo Kulturhus hausten 2007.  Det var ein revy med heile 24 nummer, og som Bømlo Revylag  jobba enormt med. Det vart laga ein ny film, denne gong ein piratfilm, der piratane var på jakt etter skatten til Rundhovde, og seilte sjørøverskuta like godt opp i Storavatnet, og sprengde seg inn i Kulturhuset. Nye på laget var denne gong to damer, Marianne Grønnevik og Toril Johansen, i tillegg til herrene frå sist revy, Finn M. Daynes, Gunnar Ersland og Kurt Inge Larsen.  For første gong framførte Bømlo Revylag ein revy utan aldersgrense, og det vart ein stor suksess, med 4 fulle hus og denne overskrifta i Haugesunds Avis: «Revy for alle» og terningkast 4.

2008 – «Sommarvarieté»

Dette var ingen ny revy, men ein «Varieté» med mange ulike nummer.  Bømlo Revylag inviterte mange til å vera med, og det vart ei kjempekjekk helg på Kulleseidkanalen Gjestehamn.  Dei som var med var: Finn M. Daynes, Åge Stokken, Marianne Grønnevik, Hege Habbestad, Torgrim Holte, Gunnar Ersland, Rannveig Steinsbø, Toril Johansen, Anette Solstrand og Kurt Inge Larsen.  I tillegg var det fantastisk musikk frå Pallebandet.  Ei heilt unik helg vart det, med både gamle og nye revynummer samt trylling og magi.

.

2009 – «Drops»

Det store prosjektet til Bømlo Revylag i 2009 var å samla det beste revymaterialet frå dei siste 10 år på CD og DVD. CD’en fekk namnet «Drops», og inneheld 15 av dei beste revysongane til Bømlo Revylag og Bømlo Revy og Allsong.  Alle songane vart spelte inn på nytt i studio, og ein jobba mykje med å få resultatet så bra som mogleg.  Med på CD’en er Finn M. Daynes, Gunnar Ersland, Marianne Grønnevik, Toril Johansen , Geir Sørenes og Kurt Inge Larsen.  Bømlo Revylag er svært nøgd med resultatet og ein kan høyra smakebitar, og få meir detaljer på eiga «Drops-side».  

2009 – «Konfekt»

Konfekt er ein dobbel DVD med langt over 30 av dei beste revynummera til Bømlo Revylag og Bømlo Revy og Allsong.  Her er også filmane og reklamefilmane som er spelte inn, og DVD’en er delt opp slik at det kjem litt detaljar og høgdepunkt frå alle revyane dei siste 10 år.  Kvar ny revy blir presentert av dei to regissørane, Finn M. Daynes og Torgrim Holte.  Mykje kjekt å sjå, og ein finn smakebitar på «You Tube». Alle personar som har vore med på revyane til BR og BRA er med på DVD’en i større eller mindre grad, og det er mykje kjekt å sjå…

.

2010 – «So gale at da gaula»

Kulleseidkanalen Gjestehamn var plassen for denne sommarrevyen i 2010.  Det vart nok ein stor suksess, med 7 meir eller mindre fulle hus.  Gode kritikkar, og særs god stemning på den intime bryggekanten ved Kulleseidkanalen.  Anette Solstrand var med for første gong, og ellers var Åge Stokken tilbake på sommerrevy på Bømlo. Dei andre som var med var Finn M. Daynes, Marianne Grønnevik og Kurt Inge Larsen.  Denne revyen vart filma, og DVD’en kan kjøpast ved å kontakta Bømlo Revylag.  Sjå smakebit.

.

2011 – «Lått & Lealaust – i eit sjarmerande sommarnaust»

Igjen var Kulleseidkanalem Gjestehamn verstskap for sommarrevy på Bømlo. Stort sett samme ramme og opplegg som i 2010, og også dette året 7 forestillingar til stor stemning. Gode kritikkar, gode tilbakemeldingar, og kjekke kveldar i ein intim atmosfære. Også denne gongen med Finn M. Daynes, Marianne Grønnevik, Anette Solstrand, Kurt Inge Larsen og Åge Stokken.  I tillegg var Gunnar Ersland tilbake på revyscenen. Også denne revyen vart filma, og DVD’en som har svært bra teknisk kvalitet, kan kjøpast ved å kontakta Bømlo Revylag. Sjå smakebit.

plakat2012 – «Sommarshow 2012»

I 2012 så bestemte Bømlo Revylag seg for å gjera ein liten endring, og gjekk frå revy til show.  Dette medførste ei litt anna framsyning, inkludert reine musikkinnslag med Aina Størksen.  Bømlo Revylag inviterte også med ei rad andre ulike artistar. Desse var inviterte: Torleif Stokke, Per Arne Moldøen, Frode Steinsland, Geir Bjarte Hatlevik, Geir Ersland og Jarle Valvatna. I tillegg så var alle frå «Lått & Lealaust» med: Finn M. Daynes, Marianne Grønnevik, Anette Solstrand, Gunnar Ersland, Åge Stokken og Kurt Inge Larsen.  Det vart framført 6 forestillingar, og det vanka igjen strålande kritikkar. Les meir om denne forestillinga her.

Plakat liten 2013 – «go’sos»

I 2013 tok det heilt av. Revyen «go’ sos» vart ein kjempesuksess og vart kåra til den beste revyen i distriktet av Haugesunds Avis.  Billettar til 8 forestillingar vart rivne bort, og revyen fekk kjempekritikk over alt, både av presse og publikum. Haugesunds Avis gav terningkast 5.  Åge Stokken spelte dette året revy på Stord, og vart erstatta av Per Arne Moldøen. Ellers var dei andre som i 2011, Finn M. Daynes, Marianne Grønnevik, Anette Solstrand, Gunnar Ersland og Kurt Inge Larsen. Musikarar var Frode Sæverud, Frode Kvandal, Hans Olav Molde og Knut Erik Gilje.  Du kan lesa meir om denne magiske revyen her.

.

plakat2 2014 – «Crazy nights»

For femte året på rad var det revy\show på Kulleseidkanalen Gjestehamn i juni. Dette året med nytt vertskap, Opplev Bømlo, og ikkje minst, eit heilt nytt grindabygg mellom dei to sjøhusa der det før var telt\presenning. Utfordringa med sterk, kald nordavind var no borte, og det vart ei heilt ny oppleving bade for aktørar og publikum. Dette året følgde me oppskrifta frå 2012, og me inviterte mange til å vera med på scenen. Følgjande var med: Finn M. Daynes, Per Arne Moldøen, Geir Ersland, Gunnar Ersland, Geir Sørenes, Hege Habbestad, Rannveig Steinsbø, Hildegunn Sæverud, Åge Stokken, Geir Bjarte Hatlevik og Rebekka G. Håvik. Det vart ein ny suksess med 8 meir eller mindre fulle hus. Haugesunds Avis gav terningkast 4.

Reklamer
Kommentarer er skrudd av for Historikk
%d bloggere like this: