Sommarshow 2012

Revyvri

Bladet Sunnhordland hadde ei kort oppsummering av Sommarshow 2012 – 26.06.12. Les denne her.

Ei fantastisk oppleving

Ja, det er det me i Bømlo Revylag set igjen med etter Sommarshow 2012.  Det vart ei utruleg reise der stemningen i «teltet» nådde nye høgder.  Aldri har me sett eit meir feststemt publikum, og me kunne frå første stund slappa av og gje av oss sjølv.  Konseptet med gjesteartistar var svært vellykka, og gav showet meir breidde og variasjon.  Tusen takk til Geir Ersland, Aina Størksen, Frode Steinsland, Geir Bjarte Hatlevik, Jarle Valvatne, Torleif Stokke og Per Arne Moldøen for framifrå innsats.  Det vart ei kjempeoppleving både på og bak scenen.  Tusen takk til sponsorar og publikum som støtta oss.  Tusen takk til alle som gjorde Sommarshow 2012 til ei fantastisk oppleving.

Ingen billettar igjen til siste helga

Det er ingen billettar igjen til siste helga av Sommarshow 2012. Det er kjekt med stor pågong, men trist for dei som ikkje har fått billett. Dersom pågongen hadde komme tidligare kunne det vore tid til å organisert fleire forestillingar, men slik det vart no gjekk ikkje dette. Kjøp derfor billett tidligare neste gong 🙂

Strålande kritikkar

Sommarshow 2012 har fått strålande kritikker av både publikum og presse.  Mange tilbakemeldingar frå publikum kan ein sjå om ein ser på Facebook.  Bladet Sunnhordland skriv blant anna «Eit forrykande sommarshow», og Bømlo-nytt skriv «Kan varmt tilrådas».  Les meir kva avisene skreiv på «pressesida».  I skrivande stund (5.6) er det enno ledige billettar igjen til alle forestillingane, men det er stor sjanse for at dei fleste snart blir utslede. Særleg med tanke på at det i år ikkje blir ekstraforestillingar. Kjøp derfor billett no, om du vil få med deg dette.

Mat må kjøpast på førehand

For å få ein heilkveld med mat, så må maten kjøpast på førehand. Dette fordi all matservering er catering. Siste frist for kjøp av mat er derfor 2 dagar før forestilling. Det er tre ulike menyar å velja i, og menyar og korleis ein kjøpar billettar ser ein på billettsida eller i artikkelen under. Matservering startar kl. 19.00, medan showet startar kl. 20.30.

Premieren 1.6 er fullbooka

Så er premieren fredag 1.6 så godt som utseldt. Sjekk Joker Finnås og Playcom Sams Senter om det kan ligge igjen nokre få billettar der!  Også fleire av dei andre forestillingane nermer seg utseld, så no må ein ta ein rask handling om ein skal få billett på den forestillingen ein ynskjer.

Øvingane er i full gong 🙂

No pågår øvingane for fullt føre Sommarshow 2012.  Me kan lova eit variert og spennande show,  med masse kreativitet og stor spennvidde.  Her blir alt frå crazy komikk til flott song.  Ein kan berre gleda seg til brødrene Ersland sine krumspring, Stokken og Valvatne sin Sagvågshumor, Aina sin flotte song, og alle dei andre som no finpussar sine nummer.  Og etter hovedshowet kjem allsongen som i år blir betre enn nokon gong, med ei rad ulike forsongarar, og eit låtvalg som kjem til å setta stemningen i taket.  Her er det berre å kjøpa billett for å oppleva ein heidundrande kveld.

Siste: Hege Habbestad kan diverre ikkje delta pga at ho er sjukemeldt 😦

Billettsalet har starta

Ein kan no kjøpa billettar til Sommarshow 2012 på Joker Finnås og Playcom Sams Senter. Ver tidleg ute og kjøp billett på den forestillingen ein ynskjer. Sidan programmet i år varierer litt frå helg til helg, kan dette vera lurt.  Det er også mogleg til å kjøpa billetter ved å ta kontakt med Hildegunn (sjå kontaktinfo på billettsida). Etter at billettane er betalt, vil dei bli utlevert eller sendt via post.  Husk også å kjøp mat 🙂 Matbillett må kjøpast på førehand.  Her er tre ulike menyar å velja i:

  • Meny 1 – Biff Stroganoff og ris  kr. 250,-
  • Meny 2 -Koldtallerken  m/ røykelaks, reker,  skinke, roastbiff  og karbonader. Potetsalat, eggerøre, frisk salat, brød og dressing kr. 250,-
  • Meny 3 – Sjømat-tallerken m/ røykelaks, krabbe, blåskjell, sjøkreps, varmrøykt laks, eggerøre, potetsalat, mangosalat, frisk salat, brød, smør og dressing.    Kr. 350,-

Sjå meir info på billettsida

Presseskriv – mars 2012

 
   Les kva Bømlo-nytt, Haugesunds Avis  og Bladet Sunnhordland skriv om Sommarshow 2012 – fredag 16.03.12
 

Artistane er klare til sommarshowet

Onsdag 14. mars hadde Bømlo Revylag møte og deltakarane til årets sommarshow er no klare.  Følgjande vil ein kunne sjå på scenen (ikkje alle artistane kan stilla på alle førestillingane – detaljer på dette kjem seinare):

  • Frode Steinsland
  • Per Arne Moldøen
  • Hege Habbestad
  • Geir Ersland
  • Torleif Stokke
  • Aina Størksen
  • Jarle Valvatne
  • Geir Bjarte Hatlevik
  • Finn M Daynes (regi)
  • Marianne Grønnevik
  • Gunnar Ersland
  • Anette Solstrand
  • Åge Stokken
  • Kurt Inge Larsen (organisator)

Show også i 2012

Det blir show på Kulleseidkanalen Gjestehamn også i år. Bømlo Revylag jobbar no med detaljane, og det vil bli lagt ut meir info så snart ting går seg til.  Inntil vidare må ein berre setta av ein fredag eller laurdag i første del av juni til dette….

_________________________________

.Sommarshow 2012 har premiere 1. juni på Kulleseidkanalen Gjestehamn. Dei andre datoane for showet er:

  • Fredag 1. juni – premiere
  • Laurdag 2. juni
  • Fredag 8. juni
  • Laurdag 9. juni
  • Fredag 15. juni
  • Laurdag 16. juni

Det er ein heilkveld med følgjande agenda:

  • 19.00-20.30  Mat. 3 ulike rettar å velje i. Dette må førehandtingst hos Bømlo Revylag. Sjå billettsida for fleire detaljar
  • 20.30-22.00  Show. Mange ulike artistar vil halda eit forrykande show på scenen.
  • 22.15-23.00  Allsong. Artistane vil syngje i lag med publikum. Lett og ledig setting.
  • 23.15-02.00  Dans til live musikk frå scenen.

Følgjande artistar vil stille 2-6 kveldar:

  • Frode Steinsland (Alle)
  • Per Arne Moldøen (Helg 2 & 3)
  • Hege Habbestad (Kan diverre ikkje delta)
  • Geir Ersland (Alle)
  • Torleif Stokke (Alle)
  • Aina Størksen (Alle)
  • Jarle Valvatne (Helg 1)
  • Geir Bjarte Hatlevik (Helg 3)
  • Finn M Daynes (regi) (Alle)
  • Marianne Grønnevik (Alle)
  • Gunnar Ersland (Alle)
  • Anette Solstrand (Alle)
  • Åge Stokken (Helg 1)
  • Kurt Inge Larsen (organisator) (Alle)
  • x
Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: